Av og til vert ei tann så skada at nerven  vert betent. Slike tilfelle kan vere:

 

-Djupe hol som når heilt inn til nerven

-Djupe gamle fyllingar som over tid irriterer nerven og gir betennelse

-Tannskader der nerven vert blottlagt

 

Av og til vil det og vere naudsynt å rotbehandle tenner som skal ha kroner, for å få ekstra feste for tann ned i rota.

 

Betennelse i rota kan vere smertefullt og det lønner seg å få behandla tann raskt. Dersom nerven mister blodforsyninga , og døyr, kan det av og til vere naudsynt med antibiotika for å få vekk eller hindre at det vert hevelse i det betente området. Dette er støttebehandling. Hovudbehandlinga vil alltid vere å rense ut den skadde nerven og syte for ein bakteriefri og tett rotkanal.

 

Meir om rotbehandling

                                                                          

                                                                                         

  

       

 

 

       Tann under behandling/ferdig rofyllt                            Tann med djupt hol med trong for rotbehandling