Tips: Bruk Ctrl og + / - for å zoome sida så ho passar til di skjermoppløysing.
Vi vil på denne heimesida freiste å gi deg
informasjon om vår verksemd. I menyane finn du meir detaljert informasjon om oss,
og om tannhelse generelt.
Tannlege Henning Lem as endra 8.5.2010 namn til Lærdal tannhelse as. Vår nye logo er ein stilisert fjøreknapp blomst, ein art som er heilt unik for Lærdal. Dette ynskjer vi også i overført tydnad skal karakterisere vår verksemd.
Vårt nye slagord- til for deg- understrekar at vårt fokus er, og alltid vil vere, å løyse dei utfordringar som oppstår på den måten som er best for den einskilde, og tilpassa den einskilde sine ynskje. Vi skal vere audmjuke for grunnlaget for vår eksistens.
Vi vonar du finn nyttig informasjon om tannhelse på denne heimesida, og vi tek gjerne imot førespurdnader om tannhelse her ved klinikken.