Vi var dei første i distriktet til å ta i bruk digital røntgenteknologi, og har ikkje angra på det. Umiddelbart resultat, låge stråledosar og miljøvennleg røntgenteknikk utan kjemikaliar gjorde digitale løysingar til eit naturleg val.

Vi har også gått til innkjøp av ei digital OPG(OrtoPantomoGram) maskin som gir oss muligheit til å undersøke begge kjevar, kjeveledd bihuler og tenner i eit bilde. Dette gir ein unik oversikt og er eit svært godt diagnostisk hjelpemiddel ved betennelsar i kjevane, tannfestebetennelse, patologiske tilstandar i kjevane, kjeveleddsbesvær og  i samband med tanntrekking. 

Det er også eit godt hjelpmiddel om ein brekker seg lett, eller har tannlegeskrekk.